mandag 19. august 2013

Julestemning

Carola skapte julestemning i Ulsteinvik

Det var stor stas då sangstjerna, Carola Häggquist nyleg vitja Ulsteinvik, bilettane vart utselde på nettet på tre minutt og mann gjekk av huse for å få med seg denne julekonserten.


Carola gav alt, og ho klarte verkeleg å skape julestemning i den vesle kystbyen på Søre Sunnmøre. Med si usedvanleg flotte stemmeprakt, sjarm og nærleik gav den svenske artisten publikum ei god oppleving.
 

Til å byrje med er salen mørk med lys og lykter som skaper stemning med ein svak, summande orientalsk musikk i bakgrunnen. Så entrar fyrverkeriet Carola scenen med all si prakt og ho innfridde alle forventingar og meir til. Alle konsertane hennar i Ulsteinvik hadde fullsette salar. Sjøborg, Ulsteinvik si storstove har plass til om lag 500 personar.

Carola hadde med seg kapellmeister; Pelle Ankarberg, Peter Hallstrøm på orgel, Peter Damin på trommer, Clas Olofsson på gitar og kor, Kristofer Krydda Sundström på bass og kor og Sara Borch som korist. «Carola med venner 09» heiter det i programmet. Det var svært dyktige musikarar som var med her.
 
Las frå Bibelen
Carola understrekar si kristne tru;
– Det er jo sjølve grunnen til at vi feirar jul, presiserer Carola. Vakkert og stemningsfylt las ho juleevangeliet frå første kapittel i Lukas. 


På repertoaret av songskattar fekk vi mellom anna:
 

Find my way to Betlehem,
Himlen I min famn,
I denna natt blir världen ny,
Silent Night,
The little drummerboy,
En stjärna lyser så klar,
 

Mariavise og Marys boychild var av de julesangene med sentralt innhold som Carola valgte.
Med lys og røykeffektar tok Carola tilskodarane med storm, dette var ei fyrsteklasses oppleving. Ei av dei sjeldne. Sjølv om dette var ein konsert med trøkk, klarte likevel Carola å fange augneblikka og skape nærleik til publikum.

Det var særskilt rørande når Carola song songen ho hadde dedikert til si avdøde mamma: «Alt kommer bli bra, Mamma». Ein sterk, gripande song. Det var nettopp desse orda Carola hadde sagt ved dødsleiet til mor si då ho hadde spurt korleis det kom til å gå med henne:
– «Alt kommer til bli bra, mamma».
 

Carola klarte fint å få fram både humor og alvor denne kvelden, ho skapte ein lun varme med sitt milde vesen.
Under gospelsongen «Go tell it to the Mountain» gjekk Carola rundt i salen medan ho song, noko dei frammøtte sette stor pris på. Salen kvitterte med trampeklapp til denne fengjande låten. Kanskje eit av dei store høgdepunkta.
 
Vil fullføre løpet
Norge IDAG fekk også privilegiet å vere saman med songstjerna på tomannshand, ein nær og hyggeleg intervjusamtale.
 

Carola fortalte at ho opplevde det som spesielt kjekt å vere på små stadar som Ulsteinvik, ho opplevde ei stor forventning blant publikum på same tid som det vart intimt og nært.
Heilt sidan sigeren med «Främling» på Melodi Grand Prix har Carola hatt stjernestatus. Men på tomannhand verkar Carola utruleg enkel og liketil, ingen primadonnanykker der i garden.


Allereie før ho song i Grand Prix, visste Carola at ho skulle byrje på Bibelskule i Den svenska kyrkan. Ho var aktiv og brennande og bad for sjuke og vitna for menneske på t-banen og overalt der ho møtte folk.

– For meg er det viktig å fullføre kallet, understrekar Carola bestemt.
Når ho er ute på reise har ho alltid Bibelen og andaktsboka med i kofferten.

Ho og bandet ber alltid saman før konsertane.
 

- Det er viktig at eg får opptre i kraft av Den Heilage Ande, påpeikar Carola. Sjølv om ho ikkje ynskjer å køyre over folk, er det svært viktig for henne å kjenne Guds nærver og det himmelske perspektivet.
 

- Det skal ikkje berre vere religiøsitet, men verkeleg sjel og ande, slår Carola fast.
Ho seier at ho er så takksam for Guds glede i arbeidet. Carola vél songar med salt i som ho seier det.

 
Fekk kallet på badet 
Gud taler ofte når vi minst ventar det, slik har det vore for Carola også. Ho fortel om ei sterk oppleving i 2006, då talte Den Heilage Ande: – Du er ei røyst for nasjonane!
Ho fekk også stadfesta dette i ein profeti frå ein pastor. Etterkvart kom fleire puslebitar på plass for Carola.
 

Ho vedgår at det kan vere tøft til tider å vere på toppen, ein blir både dømt og misforstått.
– Det er difor det er så viktig å vere død i frå seg sjølv, held Carola fram. Ho seier at ein må få påfyll frå Gud og gå vidare.
 

Israel har ein særskilt plass i Carolas hjarte, ho var der saman med foreldra for fyrste gong i 1983. Ho snakkar varmt om fødselsplassen og ikkje minst Golgata.
 

– Ja, korset er jo kjernen i det heile, smiler Carola. Ho framhevar også nåden. Etter ein får oppleve nåde vert ein både frimodig og open, forklarer Carola. Ho trur også at vi i Skandinavia må danse meir, slik som dei gjer i den jødiske kulturen.
Carola arrangerer også Carola Camp der underviser ho born, unge og vaksne innan song og musikk.
 

Ho er coach i svensk idol og. Har også undervist på Livets Ord sin musikkskule.
 
Julen
Før jul har Carola vore både i Stavanger, Oslo, Lofoten og i Ulsteinvik og sist i Stockholm. Der signerte ho CD’ar. Så var ho på Radio P4 i Jenköping og avslutta med ein konsert i Stockholm.
 

Ho fortel også at sonen Amadeus var med på den konserten og han hadde fått ei eiga lita fløy saman med kompisane sine der. Ho vert varm i stemma når ho snakkar om guten sin.
Har han arva songinteressa etter deg?
– Ja, han syng faktisk mykje. På skulen vert han heile tida utfordra til å synge solo, men dette fortel han aldri til meg. Det er liksom fotballen som er hovudinteressa, seier Carola.
 

Julaftan feira Carola feire saman med systera si, ho har også som tradisjon å gå i kyrkja på julaftan.
– Det var herlig å få feire jul etter ein lang turné, fortel den svenske gullstrupen.



Anna Ragnhild Lynge
25.12.2009 13:04

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar