onsdag 21. mai 2014

200 år

200 år under Guds velsigning


 

Også Danmarks dronning Margrete er med på 200 års feiringa av den norske Grunnlova. 

Då ho fylte 70 år bad ho alle gjestene reise seg og seie med henne: «Gud bevare Danmark». Dei fleste tenkte nok at det skulle bli «en skål for Danmark».

Herborg Kråkevik, som 15. mai var sentral både i markeringa i Stortinget og utanfor, kom til å seie «Gud velsigne Sverige» i ein kavalkade av spøk og alvor; leitt at det vart både «velsigning» og banning i festkavalkaden hennar, som hadde fleire gode poeng.

Så langt eg kunne høyre var det likevel ingen som i alvor og med stil sa: «Gud velsigne Norge». Vi får tru mange likevel tenkjer at vi må ikkje miste Guds velsigning!
For Norge har vore rikt velsigna også desse 200 åra sidan 1814. «Vil Gud ikkje vere bygningsmann, me fåfengt på huset byggja», syng vi. Og det er sant.

I Stortingssalen blei det 15. mai referert til uttrykket: «All makt i denne sal». Landet skal styrast av dei folkevalde, det er sant.Men la oss ikkje gløyme: Mennesket legg planar, men Gud styrer over dei alle, han som har skapt alt, mennesket inkludert. Gud held alt liv oppe overalt på jorda, og alt som skjer har vore innom hans rådsbord. Mennesket har planar om miljø og klima; det har også Gud. Europeiske statsmenn hadde og har planar for lille Norge, det hadde og har Gud også. «Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde», syng vi.

Kva er status for Norge når det gjeld paragraf 1 i Grunnlova og reell nasjonal suverenitet i forhold til alle friarane via EØS, EU og andre? Er det rett som fleire har peika på i den seinare tid, at vi i 2014 står overfor «et kollektivt selvbedrag» og gir frå oss suvereniteten bit for bit, utan å følgje kravet om tre fjerdedels fleirtal i Stortinget? (Verdifull og klargjerande kommentar i Aftenposten 16. mai 2014 av Per Anders Madsen, med referanse til fleire juristar).

Skjer det eit formidabelt lureri frå krefter i Europa, slik at Norge i realiteten blir umyndiggjort og fråteke mange rettar ved at norske politikarar og byråkratar anser forhandlingar og avtalar som blir utført som «lite inngripende»? (Sjå Aftenp. 16. mai). Er det nokon grunn å opptre som ein snill «Onkel Skrue» overfor eit Europa som er prega av korrupsjon, samanbrudd og enorme gjeldskriser?

Slik eg ser det er det ingen grunn til å selge dei norske førstefødselsrettane. Det er ingen grunn til å logre med halen på grunn av olje i havet. Dette kan ta slutt, mens vi er i bakrus av tilsynelatande overflod. La bønder, fiskarar og småindustrien få gode vilkår til å halde Norge på føtene, om oljeeventyret brått skulle ta slutt. Kvar er rørsla imot salg av Norge til EU? Kvar er dei politiske parti som skjønar dette og vil avgrense billigsalget av kongeriket Norge?

Så må vi tenkje oss godt om før vi svekker det lokale demokratiet ved å radere bort mange av kommunane i Norge. Det kan bety meir undergraving av paragraf 1 i Grunnlova enn vi tenkjer og skjønar i dag.

Det nye forslaget til Paragraf 2 i Grunnlova skal sikre at ikkje kristendommen blir sparka ut av «Det norske hus». Men på same måte som Norge legg innhaldet i paragraf 1 ut på billigsalg, er det fare for at innhaldet i paragraf 2 også i lang tid har vore ute på billigsalg.
Siste nummer av den kristne vekeavisa Norge IDAG (20/2014) hadde fleire opplysande artiklar om bakgrunnen for Grunnlova og betydninga av kristen kunnskap i landet vårt omkring 1814 (sjå Jostein Andreasen og Jan Pedersen). Men kva i dag? Vi kan spørje om det fins politiske parti med kraft til nasjonal bevisstgjering av klassisk kristendom. Til tider ser vi positive signal der vi minst skulle vente det, mens tåka legg seg over politiske parti ein skulle vente meir av.

Partiet «Dei Grønne» klatrar opp til 4 prosent; dei surfar på den grøne bølge. Men kva med «Dei Kristne» og «Kristent Samlingsparti»? Skulle dei ikkje saman klare 4 prosent? Er det ikkje noko «kristen bølge» i Norge lenger? Kva med den kristne arven i andre politiske parti, som for eksempel i KrF, Senterpartiet, Høgre og FrP?

Det er gledeleg at mange kristne vil samlast Kristi Himmelfartsdag og bevisstgjere trua på Gud Fader, Sonen og Den Heilage Ande og kristen kunnskap i landet. Og vi veit at «kristen tru» er ikkje ved menneskemakt, men ved Ordet og Anden. Derfor er forkynninga av evangeliet grunnleggande i by og bygd ved prestar, forstandarar, predikantar, misjonærar, og ikkje minst alle som evangeliserer og samlast i kraft av det alminnelege prestedømme, og har gode ord om Bibelens frelsesbodskap.

Norge under Guds velsigning i 200 år. Men litt om litt vart kristendommen som fag røva bort fra det offentlege skolesystemet i Norge. La oss rope det ut: «Ta ikkje Lyset ifrå oss!» Då tenkjer eg både på Bibelen, på den kristne historie, kristen filosofi og teologi, kirke og misjon. Eg tenkjer på kunnskapen om Jesus som Verdens Lys i forhold til alt det mørke som hører den falne verda til.

«Vårt heimland i mørker lenge låg», syng vi. Men «ljos over landet strøymde!» Som kristenfolk må vi rekne med Gud og Guds kraft; evangeliet! I dag har vi fridom til å vinne menneske for Herren. Gud velsigne sitt folk, i Norge og i alle andre land. Gud lede og bevare sitt spesielle utvalde folk og land, Israel!


Norvald Yri
16.05.2014 15:27

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar